Av Ester K. Hasle Avdelingsdirektør/
FoU-koordinator ved HiST.


 
 

 

HiST spelar poker med heile 
driftsseksjonen som innsats

Frå fotfolket ved HiST blir det uttrykt stadig større undring over kvifor ein vil spela poker med alle HiST sine husleigemidlar som innsats, og gå inn for samlokalisering med NTNU. 

Utgangspunktet for HiST sine byggeplanar var opprinneleg å få mest mulig samlokalisering av alle HiST-avdelingane. Men samtlege  utreda «samlokaliserings»-alternativ med NTNU medfører spreiing av HiST-miljøa langs byens mest forureina og trafikktette gate, evt. med nokre av våre bygg lagt oppe på eller sør for Gløshaugen.
Sidan tre av HiST sine helsefaglege miljø alt er vedteke lagt til Øya, vil HiST aldri kunne bli  samlokalisert i nærliggjande bygningar. Uansett om resten av HiST skulle bli liggande på Marienborg, i Teknobyen, spreidd rundt på Gløshaugen, eller samla på Kalvskinnet, vil HiST difor aldri kunne få ein fullstendig samlokaliseringsgevinst i form av berre ein ekspedisjon, heller ikkje fullt integrert sambruk av alle sine fellesressursar.
Eit kronargument for samlokaliseringa er at studentane vil til bynære campus. Då verkar det noko sjølvmotseiande å flytte studentane bort frå Kalvskinnet og opp til svevestøvet i Elgesetergate.  Sidan HiST allereie har nesten halvparten av si bygningsmasse på Kalvskinnet, er det litt spesielt at Kalvskinnet er heilt utelate i HiST sine planar. Det er dessutan kortare avstand mellom Øya  og Kalvskinnet enn internt mellom HiST-bygningane i enkelte av forslaga i «ein-campusprosjektet» som føreligg. Dersom ein ikkje vil ta beina fatt mellom Øya og Kalvskinnet, går det dessutan buss kvart minutt. På Kalvskinnet ligg ein vegg i vegg med eit NTNU-fakultet, så «nær NTNU» skulle vera godt ivareteke.
HiST disponerer i dag om lag 77 000 kvm fordelt på 7 stader. Av desse ligg no 34 000 kvm på Kalvskinnet. Med Statsbygg sitt planlagde nybygg på 14 000 kvm, som er ferdig prosjektert og finansiert, vil HiST kunne disponere rundt 48 000 kvm på Kalvskinnet innan 2008-09. I dette planlagde nybygget har ein allereie lagt HiST sine dyraste lokalar, Matteknologi (frå Tunga) med prosesslaboratorier og ekstreme hygienekrav, og også nye lokalar til kjemimiljøa med alle sine avtrekkbehov. Ei stor innsparing for HiST vil det dessutan vera å sleppe flytte og tilpasse dei tyngste og mest lab.-tunge delane av ingeniørutdanninga forøvrig til nye lokalar.  Mykje av dagens laboratorieutstyr «sit fast i veggane» og let seg ikkje flytte utan å øydelegge det. 
HiST  har allereie vedteke å disponere rundt 10 000 kvm  til tre helsefaglege miljø ved St.Olav/ Øya. Dersom ein verkeleg meiner at 68 000 kvm er nok areal åt heile HiST, trengst dermed berre 10 000 ekstra kvadratmeter på Kalvskinnet. For å koma opp i ein nokolunde akseptabel romstandard slik at vår daglege verksemd ikkje blir hemma, må ein nok gå opp i areal i høve til dei 68 000 kvm som «to-campus-
modellen» tilgodeser HiST med ifølgje amerikanske normtal. 72-73 000 kvm vil eg tru er meir passande totalareal basert på norske arealnormer.
 HiST har lagt inn i potten 125 mill. kroner pr. år for å dekke husleige, drift og vedlikehald i «samlokaliseringa» med NTNU. Fråtrekt 13 mill. kroner til St.Olav/ Øya sjukeheim  legg ein dermed inn 112 mill. kr pr. år inn i husleige, forvaltning, drift og vedlikehald (sokalla FDVUS) i dei nye husa langs Elgesetergata.  
Kvar ligg desse millionane i dag? På 2006-budsjettet er avsett 73 mill. kr husleige og rundt 30 mill. kroner er direkte kostnader forbunde med bygningsdrifta.  Dei resterande 22 millionane er heile driftsdirektørens lønsbudsjett, minus IKT- og arkivpersonell (dette har eg ikkje funne nedskrive i nokon rapport, men på forespørsel har eg fått opplyst dette frå prosjektorganisasjonen). Utan at det er nemnt med eit 
ord i HiST-organisasjonen blir altså dei tilsette frå ein heil HiST-seksjon spela over i marknadskreftenes favn. I rapporten står nemleg om offentlegprivat partnerskaps gjennomføringsstrategiar: «I praksis betyr dette at en partnerskapstilnærming må legges til grunn, dvs. at partneren eier HiST-byggene og får levere FDVUS-ytelser i avtaleperioden.»  og «En vurdering av om FDVUS-ytelser i nybygg skal leveres av privat partner også for NTNU, må eventuelt komme på et senere tidspunkt». Fromme yn-skjer om å forhandle tilbake reinhald og andre ytingar til eigen organisasjon kan ein berre gløyme i pardansen med dei sterke privataktørane. Før HiST kastar seg på samlokaliseringskarusellen er det eit minimum å krevja at velferden og framtida til dagens HiST-tilsette i driftsseksjonen blir sett på dagsorden og avklara.
Også andre kostnader bidreg til å auke risikoen for HiST i dette store, uoversiktlege risikoprosjektet. 173 mill. kroner i infrastrukturtiltak (vegar osb.) er førebels regna inn i prosjektkostnadane for HiST/NTNU-prosjektet. Trondheim kommune vil nok krevja 
eit høgare beløp når forhandlingane kjem i gang. Den private partnargruppa  har i førebels prosjektøkonomisk gjennomgang fått «tildelt» ein gevinst - eller risikopremie - på 400 mill. kroner, men den blir nok heller ein god del større før eventuell avtale er 
i hamn. For desse 573 mill. kroner kunne HiST og NTNU til saman ha fått 25 580 ekstra nybygde kvadratmeter (her er brukt prosjektets kvadratmeterkostnad på 22 400 kr). Diverse tomtekostnader manglar også i totalkostnadane. Og framleis er ikkje HiST sine kostnader med bruk av NTNU sitt læringssenter/ bibliotek eller annan sambruk innrekna nokon stad i prosjektkostnadane.
Samling av HiST på Kalvskinnet ville medføre tilnærma null infrastrukturkostnader for samfunnet forøvrig. Først og fremst er Kalvskinnetalternativet forbunde med svært liten risiko for HiST, sidan ein berre manglar 10-15 000 kvm leigeareal her. 
I følgje prosjektrapporten bidreg først og fremst HiST sine lukrative, langsiktige leigeforhold til å gje den private partnaren ein god og sikker totalgevinst. Med fokus på og konkurranse om HiST-leigekontraktene burde tidspunktet no vera ideelt for å inngå store, integrerte og langsiktige leigeavtalar  for heile HiST (minus Øyamiljøa) på Kalvskinnet. Dersom ein har råd til å bygge/bygge om lokalar for HiST oppi Elge-setergata og samstundes finansiere både risikopremiar og ytre infrastruktur i hopetal, burde den same pengesekken rekke til endå fleire kvadratmeter i til dels eldre, nedbetalt bygningsmasse på Kalvskinnet. Å samarbeide med Reitaneigde E.C.Dahls Eiendom om å skape ei riktig flott storstove for byen nær teateret burde vera genialt i dagens byutviklingsdebatt.

 

Til toppen 
av siden