Debattinnlegg
ved
Ester K. Hasle,
FoU-koordinator HiST
 |
Blir HiST smugla inn
bakvegen i NTNU?
Rapporten om evt. samlokalisering av NTNU og HiST kom 3. mars.
Som vararepresentant til bystyret fekk eg muntleg orientering frå
prosjektorganisasjonen, Samskipnaden, NTNU-rektoren og HiST-direktøren,
med etterfølgjande spørsmål/ kommentarar + innbunden,
fargesprakande rapport. Eg håpar på tilsvarande orientering
og diskusjon rundt på HiST - her har det vore alt for stille om denne
viktige saka.
Konklusjonen i rapporten er som venta: Rapporten må oppfattast
som eit argument for å samle heile NTNU og HiST i Øya-Gløshaugenområdet,
sjølv om også to campusar er mogeleg. Stordrift løner
seg, seier dei. NTNU skal gå 250 mill i overskot på sal av
Dragvoll og HiST skal teoretisk spara 6-7 mill kr pr. år i husleige.
Rett nok manglar «hjarta» i dette alternativet - dvs. minst
600 mill kr og 25 000 m2 til felles læringssenter, men det må
Staten ordne (kanskje kjem bygget på departementets prioriteringsliste
innan ein 30 års tid?). Heller ikkje HiST sine kostnader med
husleige/drift av eit slikt framtidig senter er lagt inn i reknestykket
så vidt eg ser.
Ved å behalde Dragvoll og leggja 3000 nye boligar på kornåkrane
der oppe, får NTNU finansiert læringssenter båe stader
+ utviding på Dragvoll. HiST vil her få 15 mill kr årleg
i auka husleige og drift ved å flytte alle sine avdelingar nær
NTNU, seier rapporten, fordi då kan ein ikkje bruke læringssenteret
til NTNU.
Begge campusløysingane op-nar for å partere HiST og plassere
dei enkelte HiST-miljøa rundt omkring på Gløshaugen
og på Øya. HiST sitt utgangspunkt for å planlegge nybygg
var vel å samle HiST??
HiST disponerer i dag om lag 77 000 m2. Mange av avdelingane har i
dag plassmangel, og det er uhensiktsmessig at HiST er spreidd på
7 stader.
Helse- og sosial har ønska seg nybygg nær St. Olav. Teknologi
har planlagt nybygg sidan 1960.
Teoretikarane bak denne rapportane har ved hjelp av ein amerikansk
planleggingsmodell funne ut at HiST treng berre 61 000 m2 dersom båe
institusjonane blir samla, fordi HiST-studentane skal vrimle inn i dette
felles læringssenteret, som det altså ikkje finst pengar til
i prosjektet!! Dersom NTNU-Dragvoll består, seier planleggingsmodellen
at HiST treng 68 000 m2 inkl. eige bibliotek.
For å ta eit døme som eg sjølv kjenner godt, så
må AFT - med dagens plassmangel - likevel tåle ein arealreduksjon
på 33 % i eitt av dei skisserte alternativa. I scenariet med
AFT plassert i kommunens kondemnable høghus får dei behalde
så mykje som 87 % av dagens areal. «Nokon» får
seg nok ei økonomisk overrasking om dette håplause bygget
skal konverterast til akseptable laboratorieareal.
Teoretisk sett skal HiST spara masse driftsutgifter på samlokalisering
med NTNU. Sidan eg også har arbeidd 16 år ved NTH (NTNU), veit
eg at infrastrukturkostnadane der er mykje høgare enn ved HiST.
Vi har ein liten, effektiv driftsorganisasjon. NTNU har også
betydeleg større felles datakostnader, bibliotekskostnader osb.
pr. tilsett og pr. student enn HiST. Som AFT-direktør måtte
eg seie opp biblioteksavtalen med medisinarbiblioteket og vise bio-ing.studentane
til Kalvskinnet fordi vi ikkje hadde råd til å betala den prisen
pr. student som medisin kravde. Undervisninga kan bli skadelidande dersom
driftskostnadane våre i framtida blir styrde av NTNU.
Eit argument for samlokaliseringa er at studentane vil til bynær
campus. Prosjektleiinga lovprisa på orienteringsmøtet
den bynære campusen nær elva med gamle ærverdige bygningar
som alle studentane vil til. Slik orda fall var Kalvskinnet den campusen
som passa best til beskrivinga.
Folk på talelista før meg etterlyste då også
planar for «indrefileten» Kalvskinnet. I møtet
etterlyste eg kvifor ikkje dette prosjektet inneheld ein skisse for samlokalisering
av HiST i aksen Kalvskinnet-Øya. Der er kortare internavstand avstand
enn mellom Øya og arealet sør for Realfagbygget. Dessutan
er det mykje rimelgare å sleppe flytte/tilpasse den tyngste og mest
labtunge delen av HiST.
NTNU er fornuftige nok til å avvise samorganisering med HiST.
Då bør vi utvikle våre to sjølvstendige institusjonar
på kvar våre campusar. Vi skal ikkje «snikinnmelde»
HiST i NTNU. Høgskoledirektøren repliserte til meg at Statbygg/KLP/E.C.Dahls
eigedom ikkje har vore på banen. Men Statsbygg har alt brukt 4 mill
av eigne midlar til å prosjektere nybygg for HiST. Som tidlegare
framkome er denne gruppa interesserte i ein dialog med HiST om utnytting
av sine arealar (i motsetning til Lykke).
I dag har HiST tilhald i rundt 30 000 m2 på Kalvskinnet. Med
Statsbygg sitt nybygg, som var ferdig prosjektert og finansiert då
bygginga vart stoppa pga Marien-borgplanane, vil HiST kunne disponere rundt
45 000 m2 på Kalvskinnet, og ein har/får rundt 10 000 m2 i
St. Olav/Øya. Ved å be departementet om ei tilleggshusleigeløyving
på nokre fåe mill kroner attåt Ranheimsbyggleiga er også
eit nytt helse/sosialbygg leigefinansiert. Det er nok ein enklare veg enn
å få eit stort læringssenter inn på departementets
prioriteringsliste. Dessutan åtvarar mange fagfolk på NTNU
mot læringssenter. Dei vil ikkje ha det - påstår
det er for gamaldags pedagogisk tenking.
Alle studentane er ikkje like. Mange kjem til HiST frå NTNU fordi
miljøa der oppe er for store og upersonlege. Ein diger felles
studentfabrikk kan skræme bort fleire studentar enn han vil dra til
seg.
HiST skal gjera sitt vedtak om lokalisering i HS-møte 3. mai,
NTNU i møte 10. mai. HiST legg så opp til eit mulig ekstraordinært
HS-møte 15. mai. Normalt burde den største interessenten
gjera sitt vedtak først. Er ein så sikker på kva
HiST-styret skal meine så ein satsar på eit «HiST-sug»
i denne saka??
NTNU ser ut til å ha lagt opp til ein demokratisk og inkluderande
høringsprosess. Via eit elektronisk spørjeskjema skal alle
tilsette og studentar ved NTNU få seie kva dei meiner om denne saka,
i tillegg til vanleg høringsrunde. Det er naturleg at alle HiST-tilsette
og studentar får ta del i ein like inkluderande prosess. So langt
er mitt inntrykk diverre at HiST-prosessen har vore fullstendig fråverande
- ingen infomøter om prosjektet, ingen diskusjonsforum. Er leiinga
redd for å få fram dei ulike meiningane? Om informasjonsflyten
framleis skal gå via hoderystande kommentarar og rykter i korridorane,
tener det HiST til liten ære. |