Ester K. Hasle
FoU-
koordinator ved HiST

Ester K. Hasle er tidligere avdelingsdirektør og dekan ved Avdeling for teknologi.
 

«ADM 2003» eit år etter - påín igjen?

Den 11. desember 2003 las vi i Høgskoleavisa: «Omorganiseringen gjennomført». 
Høgskoledirektør og rektor forsikra at omorganiseringa var eit grep for «å styrke den faglige utviklingen».  Vi kunne også lesa i intervjuet at «... kommandolinjene i systemet blir mer klare og hele organisasjonen blir mer tydelig. Torunn Klemp tror også at de rene linjene fører til bedre informasjon om hva som skjer i ledelsen: 
- Jeg må ærlig innrømme at jeg av og til forbløffes over hvor lite enkelte vet om hva ledelsen driver med.»

Kva er så stoda eitt år etter? Informasjonsflyten er ikkje vorten betre, snarare tvert om. Dei «reine linjene» i organisasjonen er vanskelegare å sjå no enn nokon gong. Ein har måtta opprette ei rad nye, formelle infomøter for å samordne ulike delar av administrasjonen, til dømes mellom studieadministrasjonen på kvar avdeling og studiedirektørens stab.  Ein stadig meir sliten administrasjon er no dårleg motivert til å gå laus på problema knytta til nye «vi/dei-roller», og brannslokkingar er stadig nødvendige i den samanhangen. For ikkje å tala om forviklingane det har skapt om kven som skal delta - og ikkje delta - på kven sine julebord i år.  Når det gjeld informasjonsmangelen frå leiinga kjem det heldigvis jamnlege oppslag i Adresseavisen om HiST, slik at ívi som vet lite kan forbløffes over hva ledelsen driver medí.

Jau, eg les  «Siden HiST», det nye meldingsarket.  Dei 7 arka i år har handla stort sett om samanslåing med NTNU og samlokalisering (der held Adresseavisen oss bra oppdatert allereie) eller kvalitetsreformen.  Jau då, min overordna held informative gruppemøter.  Men ulike mellomleiarar vil vektlegge ulike saker, og ein blir difor stadig forbløffa over kva kolleger i ein annan stab har høyrt eller ikkje har høyrt. Det blir mange rykter over mange kaffikoppar rundt i organisasjonen av det.

Høgskolestyrepapira gjev informasjon. Ramma for administrative årsverk (dvs. maks antal fast fulltids administrative stillingar) har auka med 17 frå 2003 til 2004 kan ein lesa av sakspapir og høgskolestyreprotokollen i april i år. DBH-databasen syner at HiST har 17 fleire årsverk innan administrasjon i 2004 i høve til i 2003.

All denne re/de-lokaliseringa av administratorar i følgje «ADM 2003» har medført at HiST det siste året har brukt diverse millionbeløp til å byggje om og laga nye administrative lokalar, og følgjeleg også ein god del nye kontormøblar - mellom anna på Tunga, i Håkon Jarls gate, i Retorten, i Brygghuset og i Snitlergarden/ Teglgarden på Kalvskinnet.

For ytterlegare å understreke den faglege profilen vart tidlegare 2003-løyvde midlar til flytting og rehabilitering av dagens helsefarlege materiallaboratorier inndrege frå AFT pga. mulig flytting frå Kalvskinnet i løpet av nokre år.  Og fråflytta lokalar etter hovudadministrasjonen på Moholt skal framleigast heller enn å gå til hardt tiltrengt areal for nytt masterstudium. Sidan ein ikkje har fått tak i leigetakarar enno, har arealet stått tomt eit halvt års tid. Etter vedvarande påtrykk ryktast det at TØH kanskje aller nådigst får opphalde seg i desse lokala til HiST finn leigetakarar.  

Men aldri har det vel vore meir prekær mangel på arbeidskraft i administrasjonen enn no.  Lista over nye, ønska og nødvendige administrative posisjonar til årets budsjett var lang. Det er heilt venta sidan ein sentralistisk administrasjonsmodell vart vedteken. Kanskje nokon hugsar at kritikarane av «ADM 2003»-vedtaket påpeika nettopp denne effekten. 

Byråkratiets lov er at når du frikoplar administrasjon frå produksjonen så aukar krava, bestillingane og kritikken overfor administrasjonen. Den sakkunskapen medarbeidarane før fekk kjennskap til i uformell lunsjprat, må no formidlast skriftleg eller i formelle, avtala møter. Ein profesjonell administrasjon frikopla frå fagavdelingar vil dessutan laga eit sluttprodukt med høgare kvalitetskrav enn om administrasjonen skjer i nær samhandling med fagmiljøa. Både geografisk, organisatorisk og personleg avstand mellom «oss» og «dei»  medfører nemleg mindre gjensidig kunnskap om og re-spekt for kvarandres arbeidsfelt, meir mistru til «dei andre», og krev difor større grad av presisjon i sakshandsaminga. Fleire feil/mistydingar må også rettast opp i ettertid. Oppryddinga etter det administrative kaoset som vart skapt i kjølvatnet av «ADM 2003», nødvendiggjer difor monaleg fleire administrative stillingar i nokre år framover.  

I sluttfasen av budsjettarbeidet for 2005 ser leiinga ut til å ha oppdaga at innføring av «ADM 2003» og «ORG 2002» har kosta skjorta.  I høgskolestyresaka om budsjett-2005 til møtet 15. desember skriv ein nemleg: «De sentrale lønnsutgiftene var imidlertid lavt budsjettert dette året fordi en ikke hadde noen erfaring med den nye administrasjonsordningen». Her vil eg peike på at årsverk-ramma for 2004 vart vedteken av høgskolestyret i april 2004 - uvanleg seint på året fordi ein skulle få med verknadane av administrasjonsendringa. I ei kvar be-drift med økonomisk styring ville budsjettet samstundes ha vorte revidert tilsvarande forventa heil- eller halv-årsverknad av dei  planlagde og godkjende stillingane.

I haust vart iverksett ein rask evaluering av korleis ADM2003 har fungert så langt, utan at eg har observert nokon offentleggjering - eller framlegg for høgskolestyret - av dei resultata ein fann og forslag til evt. botemiddel i høve til det som ikkje fungerte. Derimot vil ein no setje i gang ein ny administrasjonsgjennomgang der konklusjonen er gitt på forhånd: Ei storstilt beskjæring av administrasjonen, før bølgjene kring innføringa av forrige reform har lagt seg.  I høgskolestyresaken står: «En innsparing på 10% av de administrative lønnsutgiftene (min kommentar: 10% tilsvarar 15 stillingar) vil utgjøre en innsparing på 2-3% på de totale lønnsutgifter ved HiST. Det er imidlertid en nødvendig innsparing dersom en ønsker å få tilbake den strategiske fleksibiliteten en har hatt de siste årene. Høgskoledirektøren vil derfor foreslå at det med utgangspunkt i et pålegg om å spare inn 10 årsverk innenfor administrasjonen foretas en totalgjennomgang av hele det administrative apparatet, inklusive avdelingsnivået (mi utheving)». Gjennomføringa av dette prosjektet skal vedtakast i januar, står det..
 

Til toppen 
av siden