Debatt


Ester K. Hasle
er avdelingsdirektør ved
Seksjon Studier, FoU og samfunnskontakt
ved HiST
 
 
 
 

 


 

VALGT REKTOR?  JA TAKK!

Høgskolestyret ved HiST skal på høgskolestyret denne veka avgjera om HiST skal ha «eineveldig», tilsett rektor eller todelt leiing med valt rektor og tilsett høgskoledirektør. Saka har vore på høring, men det har vore forbausande lite diskusjon om denne viktige saka. I Høgskoleavisa sitt referat frå styreseminaret kunne det sjå ut som om mange i styret er tiltrekte av eineveldet.

Kvar vart det av demokratiargumenta? Dei akademiske institusjonane har sidan tidas morgon vore styrde av valt leiing. Etter siste lovendringa kom bedriftstankegang for alvor inn i akademia - men med gamaldags bedriftsleiing.  «Sterk leiing» og «profesjonell styring» er svaret på alle spørsmål i dag.  Men ropet på den sterke mannen (evt. kvinna) har historisk ikkje medført lykkelege val.              
Moderne kunnskapsbedrifter organiserer i dag leiinga si på heilt andre og demokratiske måtar enn den gamalmodige hierarkiske produksjonsbedrifta med «store sjef» åleine på toppen. Ei undersøking frå det svenske Arbeidslivinsti-
tuttet syner at over 40% av dei spurde bedriftsleiarane svara ja på spørsmålet om dei deler leiarposisjonen med nokon, og dermed har felles overordna ansvar for verksemda.  Svenske  bedriftsleiarar var svært positive til delt leiing, og berre 20% av dei 404 spurde leiarane i undersøkinga var negative til det.

Delt leiing er ei effektiv styreform som får stadig meir merksemd. Det er einsamt på toppen.  Avgjerdene blir betre når likestilte leiarar samhandlar og gjennomdrøftar sakene. Og klårt fordelte ansvarsområde levnar ingen tvil om kven som har siste ordet i ulike saker.

Alle som har kome frå privat næringsliv til universitet/høgskole blir overraska over kompleksiteten med fleire, ofte innbyrdes motstridande mål. Som samfunnsbyggande institusjon er ikkje vår einaste hovudoppgåve å maksimere profitten for eigarane. Kontrollspennet blir difor mykje større enn i ei privat bedrift, og alt for stort for ein person. Denne eine blir fort ein propp i systemet - oppteken av den daglege drifta, personalkrøll og absolutte tidsfristar.  I ein slik institusjon trengst ein rektor som er velsigna fri for daglege administrative plikter. Ein rektor som lyftar blikket, inspirerer fagtilsette og fangar opp trendar. Med todelt leiing ivaretek den tilsette høgskoledirektøren kontinuiteten, medan nye rektorar kjem med nye idear og visjonar. 

Leiarar som er rekruttert frå eigen institusjon lykkast oftare enn leiarar som er rekrutterte utanfrå.  Det er alltid ein fordel å kjenne bedriftskulturen. Med utlysing av rektorstilling på åremål kan vi ha flaks, men det er ein stor risiko for å få ein person utan historieforståing, som ikkje skjønar «stammespråket» i organisasjonen, som skal oppfylle dagens forventningar i embetsverket om sterk styring, som skal bygge sitt eige minnesmerke, eller som har meir fokus på eiga karriere enn på institusjonens tarv i den korte perioden. «Profesjonelle leiarar» har ein tendens til å vera synonymt med økonomar og juristar. Alle undersøkingar syner at inspirerande, tilstadesverande sjefar som forstår, rettleier og rosar sine tilsette, aukar produksjonen dramatisk. Akademisk personale er endå meir utprega i så måte. Dei let seg ikkje piske, men strekker seg langt etter gulerøtter. Med  ein profesjonell høgskoledirektør og  ein karismatisk rektor vil ein ha den optimale leiarduoen 

Kva slags leiingsfilosofi som er på mote, går i bølgjer liksom skjørtelengda. Clemet opna for ei styreform i akademia som bedrifter med høgkompetent arbeidskraft i dag forkastar. Det ser heldigvis ut som om dei fleste universiteta og høgskolane vil styre unna denne utdaterte styreforma.  Eg oppfordrar høgskolestyret ved HiST til å gå inn for framleis demokratisk val av rektor.
 

Til toppen 
av siden